|
Etter skuletid |
|
Dagen er ikkje ferdig sjølv om elevane drar heim. Dei aller fleste har ein spesiell interesse. Den brukar dei bruker mykje tid på. GGnett har snakka med nokon av dei.
|
|
Skijenta Anita Bæra begynte med freestyle for to år sida. Ho bruker gjennomsnittleg fem dagar i veka på hobbyen sin. Anita er elev ved idrettslinja på Voss Gymnas. - Freestyle er veldig god trening. Motorikken blir fort forbetra, seier ho. Anita er som oftast i Bavallen, men også i Myrkdalen. - Eg begynte og forsette fordi eg synes det er kjekt. Nina Høyland som gikk på idrett i fjor er mitt forbilde, fordi ho er så flink, fortel ho til GGnett. |
![]() |
|
Skateren Bård Finne har skatet i fem år. – Men eg blei ikkje seriøs før omtrent eit år sida.No har han ikkje skatet på to månader grunna knekt fot. – Før skaden skatet eg nesten kvar dag, fortel han. Bård trener mest i ”hallen” som ligger ved jernbanestasjonen. ”Hallen” blir lagt ned til sommaren for å laga plass til ”Kulturhuset”. - Det er ikkje gudd, men eg går ut ifrå at kommunen gjev skaterane på Voss eit anna tilbod. Denne fritidsaktiviteten er også effektiv trening. Spesielt i forhold til balanseevna. - Eg sveittar som ein gris når eg skate, seier han. |
![]() |
|
Musikeren Knut Heggdal lærte seg å spele gitar allereie på barneskulen. No speler han opptil fleire timer kvar dag. Knut er gitaristen i rockegruppa ”Stardust Hotel”. Dei andre bandmedlemmane er Roger Nomedal (gitar og vokal), Tor Inge Vethe (bass) og Sigurd Tveit (trommer). - I tillegg gjester eg andre band ein gong i blant, fortel Knut. Jimi Hendrix og Eric Clapton er hans største idol. - Mitt mål med gitarspelinga er å bli best! |
![]() |
|
Lesehesten Siv Langvandsbråten begynte å lese for fullt i sjette klasse. Dette skyldast ein lesekonkurranse innad i klassen. - No les eg kvar kveld før eg legg meg. Da går med omtrent 10-15 timar i veka til lesing, fortel Siv. Men ho les ikkje berre på norsk. Engelske bøker er også ein forbruksvare hos denne jenta. - Eg har lest alle seks Harry Potter bøkene på begge språka, skryt ho. All lesinga har mange fordelar i forhold til skulegangen. - Ordforrådet mitt har utvida seg mykje. Det merker eg spesielt i engelskfaget. Siv leser helst science fiction og fantasi. Hennar favorittforfattar er den amerikanske kvinnelege forfattaren Jean M Auel. |
![]() |
Tilbake GGnett/